Berre halvparten synest Bergstø gjer ein god jobb

På snittet av meiningsmålingane har SV no ein oppslutnad på 4,6 prosent.

Det er det dårlegaste dei har hatt sidan 2017, og det har gått gradvis nedover sidan dei i sommar hadde 8,2 prosent.

Samstundes har partiet vore prega av uro. Partiets eigen evaluering av valkampen kom med ein knusande dom over et skuffande valresultat, og på fylkesårsmøtet til Troms SV forrige helj vart det fremja eit forslag om å uttrykkje mistillit mot partileiar Kirsti Bergstø.

Klassekampen har teke kontakt med alle dei 276 lokallagsleiarane i SV, for å stille dei desse tre spørsmåla:

  • Har du tillit til partileiar Kirsti Bergstø?
  • Tykkjer du at ho har gjort ein god jobb som partileiar?
  • Kvifor går det så dårleg med SV på meiningsmålingane?

Svara frå lokallagsleiarane syner at det er veldig få som ynskjer å kaste Bergstø som partileiar no, men at mange er kritiske til jobben ho har gjort som partileiar.

Johnny Kristiansen er leiar i Harstad SV. På fylkesårsmøtet til Troms SV røysta han og et stort fleirtal nei til forslaget om å uttrykkje mistillit mot Bergstø. Det betyr ikkje at han er fornøgd:

– Det var full semje på det møtet om at me ikkje er fornøgde. Men me vil ikkje kaste dei i dag. No har me valt dei folka, så dei får sitje til neste landsmøte. Om dei ikkje klarer å ta til seg kritikken, så må me skifte heile leiinga ved neste landsmøte, seier Kristiansen.

«Om dei ikkje klarer å ta til seg kritikken, så må me skifte heile leiinga ved neste landsmøte.»

— Johnny Kristiansen, lokallagsleiar Harstad SV

– Kva er det som ikkje er bra nok?

– Partiet har vore vinglete, og dei har ikkje involvert grasrota nok når viktige avgjerder har vorte takne, seier Kristiansen.

Fire har ikkje tillitt

Av dei 276 lokallagsleiarane Klassekampen har teke kontakt med, er det 84 som har svart.

Fire av dei vil ikkje svare ja på om dei har tillit til Kirsti Bergstø som partileiar. Det er lokallagsleiarane i Tjeldsund, Nittedal Øygarden og Volda.

Alle dei andre seier dei har tillit. Samstundes seier berre halvparten at Bergstø gjer ein god jobb som partileiar.

Mange av lokallagsleiarane trekkjer fram at konkurransen med Raudt er krevjande, at det har skada partiet at dei snudde i saka om Melkøya, og at det var lite klokt at dei stilte eit ultimatum om Palestina i valkampen.

Leiar i Tjeldsund SV Odd-Are Hansen stod bak mistillitsforslaget på fylkesårsmøtet til Troms SV.

«Det var mykje vingling, dårleg forankring og raske avgjerder.»

— Odd-Are Hansen, leiar i Tjeldsund SV

– Bakgrunnen var ein sterk frustrasjon under valkampen, og særleg etter at valresultatet låg føre. Innsatsen til partiet var for dårleg, og då siktar eg til leiinga og dei som fører politikken på vegner av partiet.

– Kva var det som var for dårleg?

– Det var mykje vingling, dårleg forankring og raske avgjerder. Det er ikkje gale å setje søkjelys på Oljefondet og våpen som drep menneske i Palestina, men det skjedde raskt og utan skikkeleg forankring. Dei visste ikkje heilt kva dei gjorde, seier Hansen.

Han refererer til saka der SV stilte ultimatum om at Oljefondet måtte selje seg ut av selskap knytt til israelsk krigføring i Israel.

«Eg er samd i mykje av den politikken Bergstø står for, men synest ikkje alltid ho fungerer godt som leiar. Så der hadde eg kanskje ønskt meg ein Kaski eller Fylkesnes.»

— Markus Scarth Tønseth, lokallagsleiar i Nittedal SV

– Det vart stilte ultimatum utan at ein hadde ein plan for korleis ein skulle oppnå det. Så vart det heile skrota kort tid etterpå. Det opplevdest som å leike politikk på bakrommet. Det provoserte oss og gjorde arbeidet vårt vanskeleg.

Leiaren i Volda SV Anne-Karin Espe meiner at det kunne ha vore bra å byte leiar no.

– Eg trur kanskje det hadde vore sunt for oss å skifte leiar akkurat no.

– Til kven då?

– Eg likar veldig godt Marthe Hammer og Inger Brokka de Ruiter, dei er drivande flinke, og så skulle eg helst hatt Kari Kaski tilbake. Det får vere eit håp neste gong.

Kaski eller Fylkesnes

Hansen, som er varaordførar i Tjeldsund kommune, seier at dei er særleg kritiske til partileiar Bergstø.

– På lokallagsmøta var frustrasjonen stor. Mange har vore misnøgde med Bergstø si evne til å vere frontfigur, drive fram debattar og vere ein samlande person folk kan få tillit til. Med Lysbakken var det annleis. Ho verkar arrogant og lyttar dårleg, og difor fremja vi mistillit.

Lokallagsleiar i Bergstøs heimkommune Nittedal Markus Scarth Tønseth er samd. Han vil ikkje svare ja på om han har tillit til Bergstø som partileiar.

– Tja, seier han.

– Synest du ho har gjort ein god jobb som partileiar?

– Altså, eg er samd i mykje av den politikken Bergstø står for, men synest ikkje alltid ho fungerer godt som leiar. Så der hadde eg kanskje ønskt meg ein Kaski eller Fylkesnes. Eg synest ho er fagleg dyktig, men at ho kan framstå litt belærande og eplekjekk. At ein må sminke argumenta, som om dei ikkje står seg åleine. Det synest eg verkar mot si hensikt.

Morgenbladet spurde også lokallagsleiarane i SV kva dei tenkte om dei dårlege meiningsmålingane førre veke.

Raudt er flinke

Mange av lokallagsleiarane trekkjer fram at den politiske konkurransen med partiet Raudt har vore vanskeleg det siste året.

– Eg trur det handlar om at me ikkje har like sterke profilar som dei partia me konkurrerer med. Då tenkjer eg særleg på Raudt. Me er i eit skifte mellom profilar, og lyt bruke denne stortingsperioden på å byggje opp profilane i stortingsgruppa, sier leiar av Moss SV Eivind Archer.

Leiar i Sogndal SV Steinar Øydvin er samd.

– MDG er tydlegare på klima og miljø, og Raudt har solidaritet. Når me skal vere ein blanding av dei sakene, så druknar me.

Men leiar i Vaksdal SV Kjartan Haugsnes meiner og at Raudt ofte slepp litt lett unna.

– Me er ikkje slik som Raudt, at me berre kan meine noko og henge det opp på ein lyktestolpe utan å tenkje oss om. SV skal ikkje vere eit populistisk parti, så me må ta dei politiske diskusjonane skikkeleg. Raudt er eit populistisk parti, seier Haugsnes.

Jan-Olav Fretland i Lærdal SV meiner at Raudt er flinkare enn SV til å kople seg på det som skjer.

– Skal SV vere gode så må det vere ein kombinasjon av aksjonsparti og stundom gå inn i nokre kompromiss. Raudt har vore flinkare enn SV til å kople seg på aksjonar som skjer ute i samfunnet.

Melkøya-saka

Det er mange lokallagsleiarar som meiner at Melkøya må få ein del av skulda for nedgangen SV no ser på meiningsmålingane.

Leiar i Tysnes SV Gjermund Kongsvik seier at Melkøya-saka har vore så alvorleg at dei har fått utmeldingar også i det vesle vestlandslaget.

– Både Melkøya og ultimatumet har påverka veldig i negativ forstand. Me mista medlemmar her lokalt på grunn av Melkøya, og me er veldig langt vekk i frå Finnmark. Me me vere mykje tydelegare på bodskapane våre, seier han.

«Me seier ein ting og gjer noko anna, både med Melkøya og ultimatumsaka. Det er oss som lokallagsleiarar som må ta ansvar for det.»

— Gjermund Ihlebekk, lokallagsleiar Indre Østfold SV

Og får støtte frå Vik.

– På Melkøya burder partileiinga ha fått fram kvifor dei gjorde som dei gjorde. Det kom ikkje breitt nok fram, seier leiar i Vik SV Bjørg Fritsvold.

Gjermund Ihlebekk i Indre Østfold SV er samd.

– Me seier ein ting og gjer noko anna, både med Melkøya og ultimatumsaka. Det er oss som lokallagsleiarar som må ta ansvar for det. Og me har hatt utmeldingar etter dei sakene. Så no må partileinga lytte til grasrota. Me har hatt utmeldingar. Me er frustrerte. Og irriterte over at me går til val på noko, og så syner det seg at stortingsrepresentantane følgjer eit heilt anna program enn det me har gått til val på.

Nestleiar i Lom SV Vårin Dagsgard-Marstein meiner at Melkøya-saka har vore øydeleggjande for partiet.

«Snuoperasjonane kjem brått og uventa, og vi på grasrota får ofte vite om dei først gjennom media og andre.»

— Vårin Dagsgard-Marstein, nestleiar i Lom SV

– Eg trur SV gjer det så dårleg fordi det har vore fleire avgjerder som har vore dårleg forankra i partiet. Det skaper stor frustrasjon hos oss på grasrota. Eg tenkjer då særleg på oljefond-ultimatumet og Melkøya-saka. Der meiner eg dei ikkje klarte å kommunisere standpunktet vi tok, og å forankre det skikkeleg. Det handlar om prinsippet om å forankre avgjerder i partidemokratiet, framfor å drive med slike snuoperasjonar som får oss til å framstå vinglete, seier ho.

Mykje kunne ha vorte løyst ved å inkludere grasrota betre, trur ho.

– Snuoperasjonane kjem brått og uventa, og vi på grasrota får ofte vite om dei først gjennom media og andre. Eg forstår at dei ikkje kan ringje rundt til alle lokallagsleiarar rett før dei skal endre taktikk. Men det finst saker som ikkje har vore forankra i landsstyret, sjølv når det burde ha vore mogleg.

Mange er positive

Det er også mange som er positive til partileiar Kirsti Bergstø når Klassekampen ringer rundt.

«Det er den tydelegaste leiaren me har hatt på veldig mange år. Ho representerer det SV som eg føler at eg står for.»

— Emilie Østby, lokallagsleiar Fredrikstad SV

– Det er den tydelegaste leiaren me har hatt på veldig mange år. Ho representerer det SV som eg føler at eg står for. Me har vorte meir tydelege, seier leiar i Fredrikstad SV Emilie Østby.

Og får støtte frå Sissel Hansen i Tingvoll SV.

– Ein ny leiar må få tid til å byggje seg opp. Slik var det med Lysbakken også, seier ho.

Skal gjere meir

SV-leiar Kristi Bergstø seier at har forståing for at mange lokallagsleiarar meiner at ho ikkje har gjort ein god nok jobb som partileiar.

– Det er klart at eg tek til meg det. Eg er heller ikkje fornøgd med måten korkje eg eller SV framstår på no. Eg veit at me kan betre. Eg veit at me kan få til meir. Og difor har eg invitert heile partiorganisasjonen med på å meisle ut retninga og prioriteringane for SV vidare. Det er eit stort arbeid i partiet som eg inviterer alle til, seier ho.

Bergstø vil likevel ikkje ta sjølvkritikk på at dei snudde i saka om Melkøya nyleg. Mange av lokallagsleiarane trekkjer fram saka om Melkøya som ei dårleg sak for SV den siste tida.

SV hadde eigentleg sagt at dei skulle støtte eit forslag frå Raudt om å trekkje lovnadane Equinor hadde fått om at dei var sikra kraft til å elektrifisere gasskrafverket på Melk­øya utanfor Hammerfest i Finnmark.

Dei endte likevel opp med å ikkje støtte framlegget, noko som gjorde at det ikkje fekk fleirtal i Stortinget.

– Eg meiner at me landa veldig rett på Melkøya-spørsmålet. Folk er ført bak lyset i forståinga av kva det vedtaket innebar. Når det var klart frå statsråd si side at det ikkje var lovleg å trekkje dei konktraktane, så måtte me gjere det. Alternativet hadde vore milliardsøksmål frå staten. Eller i ytste konsekvens kabinettspørsmål, om stortingsfleirtalet hadde insistert på det vedtaket. Det tykkjer eg ikkje dei partia som stod på det forslaget er godt nok konfronterte med, seier Bergstø.